«Magnhild» reiser på Nordmørsturne - pressemelding

Pinsehelga reiser forestillinga «Magnhild» på nordmørsturne. Stykket var spesialskrive til Åkerfallkonserten i 2011 og omhandlar folketonesongaren Magnhild Almhjell sin skjebne som menneske og songar. Aktørane i stykket er folkemusikk-gruppa Brann i blått forsterka av meisingsetgardingen Jon-Ivar Smiseth. Medlemmane i Brann i blått, Unni Boksasp, Gro Kjelleberg Solli, Øystein Sandbukt og Torgeir Leivdal er blandt dei fremste folkemusikarane i Norge, alle frå Nordmøre. Stykket er skrive av skodespelar og instruktør Hege Rohde og musikkalsk ansvarleg har vore Anne Kleivset. Det er eit moderne og flott stykke, tekst og musikk flyt saman og når det blir formidla av så dyktige musikarar, løftar det forestillinga til ei sereigen og gripande oppleving.
Åkerfallet er glade for å kunne sende stykket ut på turne så fleire får oppleve det flotte stykket og la seg begeistre og røre av Magnhild sin skjebne. Frå lita foreldrelaus jente på slutten av 1800-talet, gjennom håp, draumar, arbeid og tyngane ansvar og til ho i godt vaksen alder møtte kjærleiken i mannen og musikaren, spelemann Erik Almhjell.

Stykket glir på glimrande vis mellom tekst, song og tonar. Musikken frå Åkerfallet er stadig like rørande. Og med så dyktige folkemusikarar i rollane er dette ei forestilling ein bør få med seg.

Speleplana er som følger:
fredag 25. mai kl 10.30 - Åsen bygdemuseum, Surnadal - Vårsøghelga.
Søndag 27. mai kl 16.00 - Kværnes museum, Averøy
Måndag 28. mai kl 18.00 - Liatun Grendahus, Halsa

Bilete kan hentast frå nettsida www.akerfallet.no. Utfyllande informasjon kan ein få frå dagleg leiar av Åkerfallet; Rannveig Eikrem Jensen, 99034203, rannveig@akerfallet.no.

Turneen er støtta av Tingvoll kommune og Møremusikarordninga/Møre og Romsdal Fylkeskommune

Velkomne!

Åkerfallkonserten 2012

Åkerfallkonserten 2012 blir arrangert på vanleg vis på låvebrua søndag den 10. juni. Denne gongen kjem den prisbelønte og verdsvande folkemusikkgruppa Majorstuen til Åkerfallet. Dei er kjent for sin energiske og glade spelestil. Vidare kjem ungane sin favoritt, Rasmus Rohde, kjent frå Rasmus og verdens beste band. Sunndal kulturskule sitt kammerkor WOK med Lone Eines og konfransier Anne Kleivset kjem, saman med Meisingset sin songfugl;  Nils Arne Halle Erstad.

Det blir god mat å kjøpe av Meisingset bygdekvinnelag.

Velkomne!

Magnhild - folklore i fjøset

Tilbakeblikk til Åkerfallkonserten 2011 kor vi sette opp folkemusikkteateret Magnhild. Vi er så heldige som har fått stykket skrive og sett opp på Åkerfallet. Verkeleg profesjonelt arbeid og ei heilt sereigen, moderne og flott forestilling om Magnhild sin fasinerande sjebne. Dyktige artistar gjer sitt til å løfte forestillinga. No håpar vi å få synt fram stykket rundt om på Nordmøre og i resten av landet. Her er nokre bilete frå i sommar.

Torgeir Leivdal og Unni Boksasp

Jon Ivar Smiset og Øystein Sandbukt

Unni Boksasp

Gro Kjelleberg Solli

Fullt hus på tre forestillingar i låven på Åkerfallet


Vinteren ligg igjen over Åkerfallet

Vinteren ligg roleg og vindfull på Åkerfallet. Her er mellom anna bilete frå haustens glade musikkelevar på kurs i folkemusikk frå Nordmøre. To flotte dagar i mildt haustver. Vi håpar å snart kunne komme med nytt om folkemusikkaktiviteten og Åkerfallkonserten 2012. I mellomtida ønskar vi dykk ei god jul :-) Rannveig

Samla musikklasse. Storkosa oss i lag.

Danselærarane sitt ønske om levande song til polsdansen vert innvilga ;-) God stemning på Låven på Åkerfallet.


Tilbakeblikk til 2010, Ingrid Marie og Jens Erik Hanem vann C-klassen i folkedans og vart gjort stas på av ordføraren; som og fekk seg eit kurs i polsdans denne søndagen på Åkerfallet.

Eit utdrag frå utstillinga. Her kan du setje det i Erik Almhjell sin spelestol, lytte til opptaka hass og sjå bilete frå  speleoppdrag Nordmøre rundt.

Deeer ca ligg den halvhøge tonen i Sulla lulla. Songkurs med Unni Boksasp i Erikstua 2010.

Åkerfallkonserten 2010. Kattsmygarlaget dansar til musikk av Brann i Blått. Arve Tellefsen spela og på låvebrua på Åkerfallet denne dagen.

Åkerfallkonserten 2011 - 10år!





Åkerfallkonserten 2011 – 4. og 5. juni

«Magnhild» - et folkemusikkalsk teater som jubileumsforestilling for konserten i 2011.
Det er 10 år siden Åkerfallkonserten ble arrangert første gang. Dette blir markert med ei forestilling om Magnhild Almhjell sitt liv og levnet. Dramatisert ved: Manus/regi: Hege Rohde, Sang/musikalsk regi: Anne Kleivset, Medvirkende: Unni Boksasp, Gro Kjelleberg Solli, John-Ivar Smiseth, Torgeir Leivdal og Øystein Sandbukt.
Forestillingen blir inne på låven. Utstillingen er åpen og det blir matsalg fra kl 12.00.

Forhåndsalg av billetter på Bunnpris Aspøya, Sunndal kulturhus, Hoseth Service og Drøpping.


Forestillinger lørdag 4. juni kl 14.00 og søndag 5. juni kl 14.00 og 16.00


Voksne kr 200,-
Barn kr 50,-