Åkerfallskulen


Åkerfallskulen er eit utviklingsprosjekt i samarbeid mellom småsamfunnssatsninga, som er inne i sitt siste år, og kulturskulen i Tingvoll som kan vere ein naturleg fagleg tilbydar på lang sikt. Skulen er tenkt å ta seg av formidlingsdelen av vår lokale folkemusikk og dansetradisjon som Åkerfallet står for. Det vere seg kurs og undervisning til alle nivå i skuleverket og undervisning i folkemusikk og folkedans. Åkerfallskulen vil og vere eit lokalt ressurssenter og kan formidle kontakt mellom folkemusikkaktørar og ressursar som har tilhald og tilknyting på Nordmøre og omegn. Vi vil og prøve ut ulike former for organisering av kurs og undervisningstilbod. Skulen har ei eiga styringsgruppe som består av Kirsty McKinnon, Rannveig Eikrem Jensen, Reidun Halle, Line Nordsveen og ein brukarrepresentant.

Undervisningstilbod:
Kor og song i Tingvoll og Straumsnes. Songen har lange tradisjonar på Nordmøre, også korsongen, og er sentral i satsninga til Åkerfallskulen. Vi ønskar å finne ei god form å formidle songen på. Vi har starta opp øvingar i Straumsneset, og startar straks i Tingvoll. Det er ønskeleg å finne ei form for organisering som gjer at elevane kan få brei song-opplæring gjennom ei blanding av korsong, mindre grupper og individuell opplæring.  Dirigent/lærar er Rannveig Eikrem Jensen

Folkedans på Meisingset. Kattsmygarlaget fortsett si dansegruppe med ungar. Kurset går over fem fredagar i mars/april med oppstart 18. mars kl 18.00. Alle mellom 6 og 90 år er velkomne. Det vil bli aldersinndeling når ein ser påmeldinga. Påmelding til post@akerfallet.no innan 15. mars. Kursleiarar er Rune Hanem og Kirsty McKinnon.

Babysong. Barselgrupper med babysong på helsestasjonen fire tysdagar i mars/april. Datoar blir 15., 22., og 29. mars og 5. april. Kl. 13.00. Pris kr 50 pr gong. Aldersgruppe 0-1år. Påmelding til første samling til: post@akerfallet.no innan 14. mars. Kursleiar er Rannveig Eikrem Jensen

Kultursekken
Vi samarbeider med kulturavdelinga i fylkeskommunen om å tilby lokalt forankra folkemusikk/-danstilbod gjennom den kulturelle skulesekken. Skuleåret 2011/2012 produserer vi eit kulturlaugtilbod (verkstad) på folkedans og -song frå Nordmøre. Gjennom denne verkstaden får elevane lære folkedansar, m.a. litt nordmørspolsdans, og folkesongar som vi dansar til. Kursleiarar er Kirsty McKinnon og Rannveig Eikrem Jensen.

For skuleåret 2012/2013 er plana at folkemusikkteateret om Magnhild og Erik Almhjell skal ut på turnè i den kulturelle skulesekken. Stykket har Unni Boksasp og John Ivar Smiseth i hovudrollane.

Folkemusikk-kurs
Vi tilbyr kurs i folkemusikk frå Nordmøre til musikklinene i vidaregåande skule og til folkehøgskular. Desse kursa går over fleire dagar, gjerne innlagt ein dag med fjelltur, og foregår oppe på Åkerfallet. Kursleiarar kan vere: Unni Boksasp, Øystein Sandbukt, Helge Husby, Jorun Marie Kvernberg, Gro Kjelleberg Solli el.a.