Åkerfallet er den garden med busetning som ligg høgast i Tingvoll. Den har vore seter, seinare bufast gard før Magnhild Havdal kjøpte garden på 1930-talet. Da tok ho til å sette istand husa på den noko falleferdige garden. Etter at Erik Almhjell kom til gards i 1948 fekk han flytta ei høyløe fra Ålvundeid som vart sett opp som ei stue på Åkerfallet; Erikstua. Det er den vi ser nest lengst til venstre på det gamle biletet. Låven på dette biletet vart riven og ein ny sett opp. Lengst til venstre står eit sommarfjøs. Dette står der enda. I tillegg er det bygd eit redskapshus. Mary og Øystein Sørensen kjøpte garden i 1990 og har lagt mykje arbeid i å sette garden fint i stand.
Åkerfallet var heimplassen til songaren Magnhild Havdal Almhjell (1894-1985) og spelemannen Erik Almhjell (1881-1963). Sidan 2001 har Anne Kleivset sørga for at det har vore heldt årlege Åkerfallkonsertar på låvebrua her. No har Tingvoll kommune fått kjøpe garden, og målet er å skape ein folkemusikkstad her oppe. På denne nettsida kan du lese om Magnhild og Erik, om musikken dei formidla og om kva som skjer på og rundt Åkerfallet.