Utstillinga

Utstillinga på Åkerfallet omhandlar i hovudsak Magnhild Almhjell og songen hennar, men og Erik Almhjell og deira liv saman på Åkerfallet. Utstillinga var opna 20. mai 2010 og er ei permanent utstilling. Det er omlag 2 timar musikk tilgjengeleg i utstillinga. Av Magnhild sine songar kan vi høyre både at Magnhild syng og vi kan høyre nye versonar og arrangement av arrangementa hennar. Frå Gåte til Det norske jentekor.
Ordførar Ole Morten Sørvik lyttar til nye og gamle Magnhild-songar Foto: Kai T. Dragland

Fela til Erik Almhjell. Foto: Kai T. Dragland
 Ein bolk omhandlar songfenomenet som på Nordmøre heiter kringelhauk. Setersongen, kommunikasjonen mellom folk i fjellet, nært knytt til kulokken, men enda så mykje meir. Ei gledesytring som Ingvar Hestnes frå Valsøyfjord skildra den som. Her kan du og lytte til fleire opptak av ulike kringelhaukar.

Fela til Erik Almhjell er stilt ut, saman med brev og anna frå hans spelemannsliv. Ein vegg er tileigna bilete frå Erik sine mange speleoppdrag, og du kan sette deg i spelestolen, som forøvrig også har si eiga historie, og lytte til orginalopptak av Erik som spelar. Han presenterer sågar slåttane sine sjølv!

Erik Almhjell-fløy. Foto: Kai T. Dragland
Magnhild og Erik Almhjell gifta seg i godt vaksen alder, 54 og 67 år gamle. Dei møttes nokre år tidlegare, og i tida fram til dei gifta seg skreiv dei ein god del brev til kvarandre. Utdrag frå desse breva kan du lese i utstillinga. Fornøyeleg lesing. Det var ikkje berre enkelt å få ein ungkar og spelemann til å slå seg ned!

Brev og bøker er stilt ut. Foto: Kai T. Dragland
Laupen etter Magnhild si bestemor. Foto: Kai T. Dragland
Frå utstillinga. Foto: Kai T. Dragland
Magnhild Almhjell var dyktig til å skrive. Ho skreiv mykje til aviser og blad, stort sett under psaudonym. Nokre manuskript etterlet ho seg. Utdrag av desse er presentert i utstillinga. Eit er ei sjølvbiografisk forteljing frå hennar oppvekst hjå besteforeldra sine. Ei anna tekst, ei novelle, handlar om hennar oldemor og korleis ho som følge av fattigdom og tøffe sosiale kår på 1840-talet ikkje berre måtte finne seg i å ikkje kunne få han ho elska, men ho måtte og gi frå seg deira tre år gamle dotter til han og enka som han måtte gifte seg med. Denne forteljinga er spela inn og du kan lytte til den på Åkerfallet. Når Magnhild si bestemor da altså måtte flytte frå si mor tre år gammal i 1844, fekk ho med seg sine eigendelar i denne gamle laupen. Magnhild ga den seinare vidare til ein god ven, Bernhard Bergsli, og vi har vore så heldige å få låne dette klenodiet til utstillinga så vi kan leve oss enda meir inn i fortelinga til Magnhild.

Aviser, bøker og brev frå Magnhild og Erik si rikhaldige samling kan ein og så i utstillinga.

Velkommen!

Utstillinga er finansiert av Sparebank1 Nordvest i høve deira 175års-jubileum.