skip to main |
skip to sidebar
Åkerfallet er eitt av tre delprosjekt Tingvoll kommune har fått støtte til å utvikle under paraplyen "Småsamfunnssatsninga i Tingvoll". Dei andre prosjekta er "Tingvollen" - eit nettverk mellom "Tingvollar" rundt Nordsjøen, og Tingvoll økopark - eit økologisk kunnskaps og opplevingssenter. Prosjekta har ei treårig ramme. Prosjektleiar er Kristin Sørheim.
Målet med Åkerfallet er å skape eit knutepunkt og ein formidlingsstad for folkemusikk på Nordmøre. Her skal det bli scene, kurslokaler og utstilling som fortel om songaren Magnhild, spelemannen Erik og om song-, dans- og folkemusikktradisjon på Nordmøre. I tillegg er målet at "Åkerfallet" skal bli ein pådrivar for folkemusikkaktivitet og formidling utover det som skjer oppe på sjølve garden. Åkerfallkonserten er allereie eit etablert arrangement som går av stabelen første helga i juni. Den har vore arrangert kvart år sidan 2001 med Anne Kleivset som initiativtakar og musikalsk leiar.