Erik Almhjell


Erik Almhjell (1881-1963)var frå Sunndalen. Han var ein utypisk spelemann i det at han var grovarbeidar, dreiv skogen, braut jord og la steinmurar. Spelemenn flest hadde meir fingernemme yrker, men Erik spela like godt med sine grove fingrar. Han arbeidde om dagen og spela om kveldane. Erling Torske fortel at han spela reint, roleg og malmfullt. Han hadde stor vyrnad for musikken og ville helst ikkje forandre slåttane, men spela dei mest mogleg i si opprinnelege form. Han kunne øve på ei enkelt storfe kveld etter kveld til han mestra den heilt. Han hadde og god greie på kvar slåttane kom ifrå og kven som hadde spela dei. Han hadde lært mykje av materialet etter mor si, Anne, fødd Torske. Felespel hadde han lært av sin bror Ola som og var spelemann.


Av: Rannveig Eikrem Jensen
Kjelder: Fet, Jostein: Forlemusikken i Møre og Romsdal 1999.