Magnhild Almhjell

Magnhild Almhjell, fødd Havdal, var fødd den 12. juni 1894 i Havdal på Meisingset i Tingvoll. Mor til Magnhild døydde da ho var litt over eitt år gammal, og ettersom ho var fødd utanfor ekteskap, vaks Magnhild opp hjå sin mormor og morfar. Av desse besteforeldra sine lærte ho i barndommen mange songar og historier. Ho var skuleflink og tok og etter skuletida brevkurs i matematikk, norsk og engelsk.

Magnhild pleia bestemora til ho døydde i 1942, 102 år gammal. Da flytta ho opp på garden ho hadde kjøpt nokre år tidlegare, Åkerfallet. Denne dreiv ho saman med drengen Lars Bernhard Havdal. I 1948 gifta ho seg med spelemannen Erik Almhjell frå Sunndalen. Han var fødd i 1881 og var da 67 år gammal og Magnhild var 54 år.

Magnhild var eit arbeidsmenneske. I tillegg til gardsdrift og omsorg for si gamle bestemor var ho postberar. Ho var og allsidig interessert i kultur og natur. Ho las mykje og var og engasjert skrivar til aviser og blad.

Songen
Magnhild Almhjell er ei av dei viktigaste kjeldene til gammal songstil vi har i Noreg. Ho hadde lært songane av si bestemor som var fødd i 1841. Bestefaren var fødd i 1822. Det at Magnhild hadde lært songen hjå så gamle kjelder, og samtidig levde så lenge at ho nådde i bandopptakaren, gjer at vi har fått for ettertida spela inn ein songtradisjon som er omtrent forsvunne idag. I all hovudsak er gamle folketonar notert ned med notar etter innsamlaren sitt gehør. På det viset får ein berre tak på eit omriss av tonane. I bandopptaka får ein dokumentert ei stor verd av detaljar; krullar, klang, tekstplassering rytme, tempo osv.

Magnhild er vidare spesiell fordi ho har etterlatt seg eit reportuar med så stor bredde. Ho song inn religiøse folketonar, bånsullar, kringelhauk, skillingsviser, dialektstubbar og meir. Songar for ei kvar anledning. Songen hennar tilhører ein songstil som vi fann over heile Norden før den vart trengt til side til fordel for ein kunstmusikkalsk stil som kom med nye ideal som korsong, nye salmer, orgel i kyrkjene og utbreiing av kunstmusikk utanfor dei største byane. Songstilen Magnhild representerte var inadvent, meint for husbruk, ikkje for framføring. Den var individuell, ein song ofte aleine etter sine eigne ønsker. Den var praktisk, hadde gjerne ein funksjon.

Magnhild fekk slag i 1965 og mista taleevnen, og dermed tagna songen hennar. Ho døydde i 1985.




Av Rannveig Eikrem Jensen
Kjelder: Kveivset, Anne og Utne, Olve: Songen hennar Magnhild, 1994
Husby, Helge: Åkerfallet, ein kulturheim, Hendt og hender, 2008