Musikkgrupper 0-1 år

Åkerfallet vil frå januar 2010 gje eit tilbod i musikkgrupper for babyar under eitt år!

Det er lang tradisjon for å synge og leike med ungane sine, men i dagens samfunn ser vi at songen har sakka akterut. Mange er ikkje vant til å synge for andre og det perfekte lydbildet som omgir oss, gjer at vi kanskje stiller for store krav til oss sjølv? Song og songleiker er ein fin måte å komunisere med ungar på, og ein viktig del av vår kulturarv. Og ungane elskar det! For ungane finnest det ikkje noko vakrare og tryggare enn mor eller far sin stemme.

Kursa vil ta i bruk mykje lokalt stoff, både etter Magnhild Almhjell og andre. I tillegg til kjente og kjære barnesongar. Det er forutsetning at det blir stor nok påmelding for at kursa blir sett igang. Gruppene blir satt saman etter alder på ungane og geografi. Kursa blir lagt dit interessen er størst og vi prøvar å legge opp til noko sosialt samtidig så ein får tid til å snakke saman og.

Kursleiar er Rannveig Eikrem Jensen. Ho er utdanna musikkviter fra NTNU og har i tillegg kurs frå foreninga musikk fra livets begynnelse.

Kursoppstart blir i januar/februar 2010. Kursavgift 500kr. Du kan melde deg på med ein gong, eller seinast 20.januar 2010 ved å sende ein mail til eikremjensen@hotmail.com Husk å oppgi fødselsdato til babyen :-)