Teksten i headingen

Handskrifta i headingen er Magnhild si. Klippet er henta frå eit brev ho skreiv til Erik den 11. desember 1944. Fire år før dei gifta seg. Det er tydeleg at ho sette stor pris på spelet til Erik.

Nei du treng sovist ikkje tenkja på nokon "urett" så mykje du har streva for meg, - og alle dei gode stunder du med det herlege spelet ditt lyfta meg opp frå kvardagens strid og strev, inn i ei verd full av uedeleg venleik, der sjæla kan symja avstad på tonane rett inn i æva. Når eg vaknar om natta må eg reisa meg ende opp fyr eg kan tru det er sant, at det var inne i denne stova eg höyrde alle dei fagre tonane, eg er mest huga til å tru eg har dröymt alt saman.