Skuleåret 2011/2012 tilbyr Åkerfallskulen i samarbeid med den kulturelle skulesekken ein verkstad i song og dans med lokalt stoff. Eit såkalla kulturlaug. Til presentasjonen av verkstaden i januar 2011 laga vi ein film med elevar frå 6. og 7. klasse ved Tingvoll B&U som var med på verkstaden. Den kan du sjå her :-) (Med tillatelse frå skulen og foreldra) Songane vi syng på videoen er "Når du blir så gammel som ho bessmor di" etter Arne Hindhammar i Angvika, Gjemnes og "Litin Ola mann" etter Kari Dyrnes og Asbjørg Ås Bakk i Mjosundet, Aure. Dansane er ein familieril og "Gilleråsen", ein dans frå Gjemnes. Elevane fekk og ei innføring i vår eigen Nordmørspolsdans, ein av dei eldste dansane våre som nesten hadde gått i glømmeboka for nokre år sidan.
Vi kan komme til skulen og ha verkstaden, eller de er hjerteleg velkomne til å ta elevane med opp på Åkerfallet for ein skuledag der med mykje innhald. Sjå nettsida elles for meir informasjon om Åkerfallet og Magnhild og Erik Almhjell.
Ta gjerne kontakt med kultursekken om din skule/kommune ønskar å bestille verkstaden. Ta og gjerne kontakt med oss om det er noko du lurar på, eller ønsker å hyre oss utanom kultursekken.
Vi som har verkstaden er Kirsty McKinnon og Rannveig Eikrem Jensen. Kirsty jobbar til dagleg på Bioforsk økologisk på Tingvoll, men har og utdanning i folkedans. Ho er ein av eldsjelene bak folkedanslaget Kattsmygarlaget på Tingvoll. Rannveig har ein mastergrad i musikkvitenskap med fordjuping i vokal folkemusikk. Ho arbeider for tida med utviklinga av Åkerfallet.
Rannveig Eikrem Jensen, 99034203 rannveig@akerfallet.no
Brosjyra med turnèane til kultursekken for neste skuleår finn du her. Vi er på side 40.