Åkerfallskulen startar folkedanskurs, kor & song og babysong

Nye tilbod frå Åkerfallskulen:


Folkedans
Dansarane Kirsty McKinnon og Rune Hanem tek til med eit kurs i folkedans over 5 veker fram til påske. Oppstartsdato blir 18. mars kl 18.00 på grendahuset på Meisingset. Kirsty og Rune ønskar alle interesserte frå 6 år og oppover (også vaksne) velkomne på kurs. Det vil bli aldersinndeling når vi ser påmeldinga. Pris for kurset er 300,- Påmelding til post@akerfallet.no innan 15. mars.

Velkomne!

Kor & song
Kor og songopplæring i ensemble. Torsdagar kl 14.00-15.30 på «Grønlihøgda» (5.klasserommet) på TBU. Frå 7. trinn og oppover. Første øving 17. mars. Vi legg opp til allsidig kor og songundervisning. Fleirstemt song og allsidig reportuar. Det blir fire torsdagar før påske og etter påske ut mai. Dirigent/lærar er Rannveig Eikrem Jensen. Pris kr 400,- Påmelding til post@akerfallet.no innan 15. mars.

Velkomne!

Babysong
I samarbeid med helsestasjonen tilbyr vi fire tysdagar med babysong. Her vil ein lære barnesongar på dialekt, bånsullar, rim og regler. Dei gamle voggesongane er kvalitetssikra gjennom fleire hundre år. Ein god voggesong er den som har så god tekst og melodi at ein kan synge den i søvne... Datoar er 15., 22., 28. mars og 5. april. Kl 13.00. Kursleiar er Rannveig Eikrem Jensen. Send gjerne ei mld om du blir med til post@akerfallet.no innan 14. mars. Her er det lagt opp til "drop in" og ein pris på 50kr pr gong. Samlingane blir på helsestasjonen.

Velkomne!