«Magnhild» reiser på Nordmørsturne - pressemelding

Pinsehelga reiser forestillinga «Magnhild» på nordmørsturne. Stykket var spesialskrive til Åkerfallkonserten i 2011 og omhandlar folketonesongaren Magnhild Almhjell sin skjebne som menneske og songar. Aktørane i stykket er folkemusikk-gruppa Brann i blått forsterka av meisingsetgardingen Jon-Ivar Smiseth. Medlemmane i Brann i blått, Unni Boksasp, Gro Kjelleberg Solli, Øystein Sandbukt og Torgeir Leivdal er blandt dei fremste folkemusikarane i Norge, alle frå Nordmøre. Stykket er skrive av skodespelar og instruktør Hege Rohde og musikkalsk ansvarleg har vore Anne Kleivset. Det er eit moderne og flott stykke, tekst og musikk flyt saman og når det blir formidla av så dyktige musikarar, løftar det forestillinga til ei sereigen og gripande oppleving.
Åkerfallet er glade for å kunne sende stykket ut på turne så fleire får oppleve det flotte stykket og la seg begeistre og røre av Magnhild sin skjebne. Frå lita foreldrelaus jente på slutten av 1800-talet, gjennom håp, draumar, arbeid og tyngane ansvar og til ho i godt vaksen alder møtte kjærleiken i mannen og musikaren, spelemann Erik Almhjell.

Stykket glir på glimrande vis mellom tekst, song og tonar. Musikken frå Åkerfallet er stadig like rørande. Og med så dyktige folkemusikarar i rollane er dette ei forestilling ein bør få med seg.

Speleplana er som følger:
fredag 25. mai kl 10.30 - Åsen bygdemuseum, Surnadal - Vårsøghelga.
Søndag 27. mai kl 16.00 - Kværnes museum, Averøy
Måndag 28. mai kl 18.00 - Liatun Grendahus, Halsa

Bilete kan hentast frå nettsida www.akerfallet.no. Utfyllande informasjon kan ein få frå dagleg leiar av Åkerfallet; Rannveig Eikrem Jensen, 99034203, rannveig@akerfallet.no.

Turneen er støtta av Tingvoll kommune og Møremusikarordninga/Møre og Romsdal Fylkeskommune

Velkomne!