Kurs i Polsdans frå Nordmøre
Instruktør: Kirsty McKinnon
Anna Gjendem |
Tid: 11.00-16.00 med lunchpause kl 13.00.
Stad: Tingvoll Brygge og Fjordhotell, kultursalen.
Musikk: Ingrid Marie Hanem spelar til.
Kurs i Halling
Instruktør: Anna Gjendem
Alder: ca 8-12 år
Tid: 11.00-13.00
Stad: Mosjonslåven, Drøppingtunet i Tingvollvågen.
Musikk: Runhild Heggem spelar til.
Kurs i folkesong frå Nordmøre
Instruktør: Gro Kjelleberg Solli
Alder: ca 12 år og oppover
Tid: 11.00-16.00 med lunchpause kl 13.00
Stad: Tingvoll Brygge og Fjordhotell, peisestua.
For å dekkje lunch har vi sett ei deltakaravgift på kr 100,- for deltakarar over 12 år. Da blir det felles lunch for alle kursa. Deltakarane på hallingkurs kan og få lunch etter kurset saman med resten.
Påmelding til: rannveig@akerfallet.no
Kursa er støtta av
Rådet for Folkemusikk og Folkedans
Om kvelden blir det folkemusikkjam og dans i Kultursalen på Tingvoll Brygge og Fjordhotell. Vi håpar kursdeltakarane heng med, det kjem spelemann (og damer) og det blir dans. Kanskje kjem nokre av artistane til Åkerfallkonserten også. Ope for alle. Vi startar kl 19.00 og held på utover kvelden. Om ein ønskjer å overnatte kan rom tingast hjå hotellet.