Toralv Maurstad til Åkerfallkonserten 2014

Artistane til Åkerfallkonserten 2014 er no klare! Vi gler oss til å få besøk av selveste Toralv Maurstad på låvebrua på Åkerfallet. Maurstad, som debuterte på teaterscenen allereie i 1949, har eit stort reportuar å ta av når han kjem til Magnhild og Erik sin heimplass. Vidare kjem virtousane Ola Kvernberg og Stian Carstensen for å underhalde oss med spreke tonar. Tingvoll-jentene Ingrid Marie Hanem og Kine Gyldenskog kjem med den lokale folkemusikken og Operaen i Kristiansund kjem med barneforestilling. Anne Kleivset er tilbake som kunstnarisk leiar og leiar oss på kjent vis igjennom konserten. Her blir det noko for både store og små.

Konsertstart er kl 16.00 den 15. juni.

Håpar å sjå deg der!