Småsamfunnssatsninga i Tingvoll lyser ut eit stipend på 10 000 kr til ein student som vil skrive ei musikkfagleg masteravhandling om Magnhild Almhjell. I tillegg tilbyr vi hjelp til kjeldetilgang, tips til litteratur, kontaktformidling lokalt og eit opphald på Åkerfallet.
Magnhild Havdal Almhjell frå Tingvoll var ei allsidig dame, men mest kjent er ho i ettertid for songen sin. Ho vaks opp hjå bestemora si og hadde lært songane og songstilen av henne. Bestemora var fødd i 1844, dermed representerer songen til Magnhild ein gammal tradisjon. Den er kjenneteikna av ein gammal songstil med forsiringar, krullar og svevande tonalitet. Denne arva hadde ho gøymt og bevart godt. Det finst 137 opptak av songen til Magnhild. Det er opptak av både dialektviser, skillingsviser, religiøse viser, salmer og kringelhauk. Songen er i nordmørstradisjon, kva no det vil seie?
I vaksen alder gifta Magnhild seg med spelemannen Erik Almhjell. Saman budde dei på garden Åkerfallet i Tingvoll. Denne garden har no Tingvoll kommune fått kjøpt og den er under utvikling til å bli ein folkemusikkstad med scene, utstilling og kurslokale.
Du kan lese litt meir om Magnhild og Erik i artiklar her på akerfallet.no og på desse nettsidene:
Magnhild Havdal Almhjell på Wikipedia
Erik Almhjell på Tingvoll kommune sine nettsider
På biletet sit Magnhild med Kingos salmebok i handa og syng for Rolf Myklebust frå NRK.
Om du er interessert, ønskjer vi at du gjerne kontaktar oss så snart som råd og forteller kva du tenker. Det kan dreie seg om stilstudie, samanliknande studie, resepsjonsstudie eller anna. Ta ein prat med din vegleiar! Vi er klar over at ulike universitet og høgskular har ulik praksis i planleggingsfasen av ei masteroppgåve. Dette må vi sjølvsagt tilpasse oss, derfor er det fint om du tek kontakt tidleg og SEINAST 26. mars. Avgjering vil bli gjort i løpet av våren. Vi forutsett at oppgåva skal leverast i løpet av 2011.
Litteratur:
Kleivset, Anne og Utne, Olve: Songen hennar Magnhild, Tuddal, Buen kulturverksatad 1994
Meisingset, Toril Martha Ornell: Magnhild og sangen, Spelemannsbladet nr 7 2009
Sjå og bibliografi om vokal folkemusikk på visearkivet sine nettsider.
Musikk:
Magnhild sine songar er brukt av fleire artistar. Magnhild sine songar finst på desse cd-ane:
- Unni Boksasp; Songar frå Havdal (15 songar)
- Tre begrædelige piger; Til deg (2 songar)
- Gåte; Jygri (2 songar)
- Gåte; Statt upp (Maggedulliadei) (EP) (2 songar)
- Det norske jentekor (1 song)
- Sinikka Langeland og Kåre Nordstoga; Påsketona (1 song)
Orginalopptak med Magnhild finst på desse cd-ane:
- Norsk folkemusikk: religiøse folketonar, talik records (2009) (3 songar)
- Folkemusikk frå sogn og fjordane, møre og romsdal, grappa (1995) (9 songar)
- Hugen leikar så vide - middelalderballader i norge, ll distribution (2005) (3 songar)
- Fanitullen 1, grappa (1996) (1 song)
I tillegg følger det orginalt med ein kasett med 47 orginalopptak til boka Songen hennar Magnhild (Buen kulturverkstad, 1994) Buen leverar songane på cd om du kontaktar forlaget.
Ta gjerne kontakt for alle moglege spørsmål!
Rannveig Eikrem Jensen
-Musikkviter-
rannveig@akerfallet.no
Stipendet blir annonsert ved :
- Norges Musikkhøyskole,
- UiB – institutt for musikk- Griegakademiet,
- Ole Bull Akademiet
- Høgskulen i Rauland,
- NTNU – institutt for musikk,
- UiO – institutt for musikkvitenskap