Opning av utstilling og plateslepp av Unni Boksasp Ensemble

Torsdag den 20. mai kl 18.00 inviterer vi til opning av ny utstilling på Åkerfallet. Samstundes kjem Unni Boksasp Ensemble og presenterer den nyinnspela plata si; KERAMELLO.

Låven på Åkerfallet er under omarbeiding, og målet er eit publikumsbygg med scene, utstilling og kurslokaler. 20. mai opnar vi nybygd utstilling om Magnhild, Erik og musikken deira. Hovudfokuset er på Magnhild og songen ho formidla. Men vi får og oppleve Erik, sjå fela hans og høyre slåttane hans i ny og gammel drakt. Det blir mogleg å få høyre mykje musikk etter Magnhild i tillegg til å lære om folkesongtradisjonen Magnhild formidla.

Unni Boksasp er kjent for sin formidling av songane til Magnhild. Ho ga i 2007 ut albumet Songar frå Havdal med mykje musikk etter Magnhild. No har ho produsert ei ny plate, KERAMELLO som blir presentert på Åkerfallet denne kvelden. Med seg i sitt ensemble har ho Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song), Olav Luksengård Mjelva (fele, hardingfele, bratsj), Petter Berndalen (perkusjon), Magne Vestrum (kontrabass) og Trygve Brøske (trøorgel).


Foto: Fotograf Eidsmo - Erlend B Enger

Utstillinga og opningsarrangementet er sponsa av Sparebank1 Nordvest