På den siste opningsdagen denne sesongen får vi besøk av ein lokal trubadur på Åkerfallet, Per Aarsund.
Per Aarsund er av yrke byggmeister, og ga ut sitt debutalbum ”Fri sjel” i 2009. Han karakteriserar sjølv musikken sin som viserock med jordnære tekster på Nordmørsk. Songane har vore å høyre på NRK P1 og er jamt spela på NRK Møre og Romsdal. Han har og vore innom norsktoppen med to songar.
På låven på Åkerfallet spelar han gamle og nye songar akustisk. ”Det er både litt spennende og skummelt å opptre utan mikrofon og forsterkeranlegg, men jeg gleder meg stort til å få opptre på en slik flott plass som Åkerfallet er” fortel Per.
Åkerfallet søndag 29. august kl 14.00
Bill.kr 50,- Selges i låvedøra.
Billettinntektene går til MOT i Tingvoll.
Utstillinga og garden forøvrig er open som vanleg.