Haust på Åkerfallet

Hausten på Åkerfallet er tid for kurs og møter. Onsdag kom pensjonistlaget opp og heldt møtet sitt på låven i strålande sommar(!)ver. Utover september blir det besøk av skuleklassar og til slutt kjem ein klasse frå musikklinja i Kristiansund innover på todagers folkemusikkurs med Unni Boksasp og Øystein Sandbukt. Vi håpar på fortsatt strålande haustver!