Vi har i 2010 hatt arrangement på Åkerfallet frå mai og ut september, ein lang og god sesong! Det starta med opning av utstilling og konsert med Unni Boksasp Ensemble i mai og fortsette med Åkerfallkonserten, polskurs, kabaret, friluftsgudsteneste og konsert med Per Aarsund. Vidare har pensjonistlaget vore på besøk, i tillegg til lærevillige 9.-klassingar frå Straumsneset og musikkelevar frå Atlanten VGS. Bortimot 1000 besøkande har vore på Åkerfallet. Mykje musikkhistorie er formidla og gode opplevingar skapt. Neste sesong er under planlegging. Men no får vinteren gje kvile til heimen høgt over Hafstadvatnet.
Her følger nokre bilete frå musikklinjeelevane sitt folkemusikkurs den 28. og 29. september.
|
Klasserommet på låven, på benkar og sauefeller |
|
Peder Hønsvik, Tor Erik Jenstad, Helge Husby og Rolf Holte spela og fortalte om slåttar og gammaldansmusikken. |
|
Øystein Sandbukt og Unni Boksasp heldt ein liten konsert. |
|
Øystein Sandbukt heldt kurs. |
|
Her dansast det Gilleråsen, ein dans frå Gjemnes. |
|
Unni Boksasp lærer musikkelevane å hauke til lia på andre sida. |
|
|
|